Hamrabørennet 2023

Det vart ein flott dag som vanleg på Kleivane i Hamrabø idag, med strålande sol og påskestemning.

Det er ikkje noko å seie på servicen frå familien Havrevoll; Vegard, Tom, Neri, Torunn og Sveinung når dei skipar til det tradisjonelle skirennet “Hamrabørennet”. Sekkar, ski og deltakarar/publikum vart frakta opp på snøscooter og alpebuss, her er det plass til alle.

Read more

Skirennet er eit samarbeid mellom Hamrabø Skiløype og Suldal IL. Fleire aspirantar og aktive skiløparar frå Suldal IL, Rein IL og Hjelmeland IL stilte til start. Det vart mange gode plasseringar og resultat. Dette er eit godt gamaldags skirenn der alt føregår utandørs. Varm saft etter målgong vart det servert også på Kleivane. Klister, voks og solkrem, flott varmestove for å varme seg i, brettspel og bålpanne var noko at det alle kosa seg med denne flotte søndagen. Kjekt å sjå så mange aktive og glade deltakarar og publikum. På heimturen ned frå Kleivane og til garden i Hamrabø rann nokre på ski medan andre vart frakta ned igjen på alpebussen. Sola skein heile dagen, det vart påskesnø i løypa nedover, og det blei ein del knall og fall og lått og løye på heimveg. Alle var einige om at det var ein flott dag. Tusen takk til gjengen i Hamrabø som tek så godt i mot alle og skipar til dette arrangementet. Om noko er usikker på kor dei skal legga påskeskituren, ta ein tur til Kleivane og test ut dei flotte skiløypene og naturen der oppe.

http://www.suldal-il.no/wp-content/uploads/2023/03/Resultatliste-Hamraborennet-2023.pdf

read more…

Kr 15.000,- frå Vaage Kraft AS til Prestavikjo!

Vaage kraftverk. Henta frå Wikipedia.no

Det er godt engasjement frå lokale aktørar til «Prosjekt Prestavikjo». Her om dagen kom det inn kr 15.000,- frå Vaage Kraft AS!

Som alle andre tilskot, vil også desse komma godt med for å få finansiert nærmiljøanlegget i hjartet av bygdo. Me er veldig glade for at mange vil vera med for å få til dette.

Vaage Kraft AS er eigar av Vaage kraftverk og nyttar i følge Wikipedia.no eit fall på 125 meter. Installert effekt er 490 kW frå tre Vanvik peltonturbinar, og årsproduksjon er 1,58 GWh.

Kjelde: wikipedia.no 24.03.2023.

Tusen takk for støtta!

Skikarusellen 2023

Om lag 180 ivrige skiløparar har i vinter delteke på Telenorkarusellen i lysløypa på Gullingen. Veldig gledeleg at så mange nye aspirantar har komme med og gjort kveldane i løypa ekstra kjekke.

Foto: Suldalsposten

Fire kveldar i februar og mars har Hjelmeland IL og Suldal IL invitert til skifest for både aktive, aspirantar og trimmarar. Aldersspennet har vore stort, frå dei yngste i barnehagealder og til dei eldste kor me òg har hatt med eit par pensjonistar. Skikarusellen er meint til å vera eit lågterskel-tilbod til alle som har lyst til å gå på ski, gjerne saman med fleire. Om ein vil konkurrere mot andre, med seg sjølv eller berre ha seg ein fin skitur, er det plass til alle.

Siste og fjerde renn gjekk i mildt, og til tider litt fuktig vêr. Regnet såg derimot ikkje ut til å lage noko dårleg stemning og det var berre blide fjes å sjå både ute i løypene og inne i varmestova. Denne kvelden var det tid for premieutdeling, og det vanka både luve og glas til alle.

Sjølv om det i lågheia har minka ein del på snøen er det framlies flotte skiforhold. Kanskje du er sugen på fleire skiturar utanom skikarusellen? Då vil det framleis vere bra i lysløypa, men òg i heia elles, til langt over påske. Søndag 26. mars går òg Hamrabørennet av stabelen. Dette er eit familierenn for både aktive, trimmarar og aspirantar. Sjå info på HAMRABØRENNET 2023 | Suldal idrettslag (suldal-il.no)

Hjelmeland IL og Suldal IL takkar deltakarar, foreldre og besteforeldre for i år og ønskjer velkomen att til ny karusell neste vinter!

Her er lister over deltakarar og resultat samanlagt og siste renn:

Velkomen til 4. skikarusell – 23. mars!

Torsdag er det klart for fjerde og siste skikarusell i lysløypa. Denne gongen er det Suldal IL som er arrangør og skirennet går i fristil.

Vêrmeldinga seier at det skal bli fuktig og litt vind, men kler ein seg godt og har med litt tørt skift blir det ein bra kveld ved Mosvatnet. Det blir premiering, og aspirantane og trimmarane får premien sin etter kvart som dei kjem inn til mål. For dei som går på tid vil det blir premieutdeling inne i varmestova, fortløpande etter kvart som dei ulike klassane kjem i mål.

NB. På grunn av mildvêret er det ikkje nok snø over Gratishaugen og alle må difor snu rett før. Det vil bli sett opp markeringar.

Minnar òg om at det blir ein velfylt kiosk med mange godbitar.

Bli med på årets siste skikarusell 🙂

Kr 50.000,- frå Tjøstheim Kraft AS til Prosjekt Prestavikjo!

For ein månad sidan fekk me gledeleg melding om at Tjøstheim Kraft AS ønskjer å støtta prosjektet med kr 50.000,-.

Det er ekstra kjekt å få lokale aktørar med på laget, og at dei vil bidra til eit godt lokalsamfunn med aktivitet og møtestad.

Tjøstheim Kraft AS held sjølvsagt til med utgangspunkt i Tjøstheimsgardane.

Wikipedia kan fortelja følgande:

Det er et elvekraftverk som utnytter et fall på 405 meter i Tjøstheimsåna.

Installert effekt er 3,9 MW. Årsproduksjon er 13,7 GWh.

Årsmelding Prosjekt Prestavikjo

Det er årsmøte i Suldal IL onsdag 29. mars kl 19.30. Alle sakspapir vil komma snarast. Her er årsmeldinga frå «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!»

Merk at årsmeldinga blei skriven 9. februar 2023. Etter dette har me fått kr 50.000,- i støtte frå Tjøstheim Kraft AS. Me er også komne lenger i arbeidet med søknadar, dispensasjonar, varslar og andre vurderingar.

Resultat 3. skikarusell

I tett snøvêr og med stor innsats, brøyta skiløparane seg fram under skikarusellen i kveld. Det var stort sett greitt å smørje, men skispora som stod beine og fine fram til klokka fem, forsvann litt etter litt utover kvelden. Likevel var det ingen sure miner å sjå, og arrangementet, som Hjelmeland IL igjen hadde ei stødig hand på, gjekk godt.

Nå står det att eitt karusellrenn, 23. mars, og då ventar premieutdelinga for årets Telenorkarusell.

Her er resultatlista frå dei som gjekk på tid i kveld:

Besøk sidan februar 2009

Ulike kategoriar

Utstyrsleverandør

Hovudsponsorar

Suldal IL på Facebook

Reiserekning

Her kan du laste ned reiserekning. Oppdatert 2020.

Grasrotandelen

Kor mykje har me fått i Grasrotandelen? klikke her!

For å registrere deg, send SMS. Skriv:
GRASROTANDELEN 983958605 til 2020 (tenesta er gratis), eller ta kontakt med tippekomisjonæren din.