
Røldalscup 2022
Laurdag 3. september var det tid for Røldalscup 2022 i strålande førhaustver. Det blei ein heil gjeng i gul og svart som tok turen.
I fjor var Suldal IL med på cupen for første gong, og den gav meirsmak. Sjansen til å møta nye og ukjente motstandarar, 3’ar-fotball for dei minste, reine jentelag og eit kompakt arrangement var absolutt på pluss-sida, noko som gjorde at me ville vera med i år også. Med om lag 50 spelarar og 12 lag i gult og svart frå Suldal IL, så vart me klubben med flest lag. Me viste godt igjen. Dessverre var det nokon som vart sjuke i siste liten, men fleksible spelarar, lagleiarar og foreldre gjorde at me fekk nok spelarar til alle lag og alle kampar.
(Bildegalleri i slutten av innlegget.) read more…
1.klassingane i gong med trening
Dagen før den store dagen, første skuledag for 1. klassingane, hadde 6-åringane sin første fotballtrening i Prestavikjo.
Alle ni som skal starta på Vinjar skule i morgon var på plass med stjerner i blikket og beretning om at dei hadde gleda seg stort til endeleg å få vera med på fotballtrening! Med på lasset var også minst ein vaksen i støtte, både til å vera med på øvingar, knyta sko og trøsta om ein ball blir litt hard.
Kristien Bøe Berge og Helge S. Lauvsnes har teke på seg oppdraget med å leia treningane, noko me er svært glade for. Den oppgåva greidde dei med glans denne første treningsøkta. Ungane får ei trening til neste søndag, før dei alt laurdag 3. september skal vera med og spela i Røldalscup.
Det var lett og sjå at alle hadde god erfaring med å føra ball, mens det nok var ulik erfaring med akkurat det å spela fotballkamp. MEN det er jo dette dei skal trena på, og det var store framskritt og sjå alt på første trening. Lukke til!
6. div: Suldal – Pol 3-2 (0-1)
Pol var gjester i den første kampen for sesongen.
Pol ligg sist på tabellen, men har plukka ein god del poeng. Det var med andre ord ingen grunn til å ta lett på denne kampen, Med tap ville me vore omtrent likt på tabellen. Med siger fekk ein los på 3. plassen og det beste 1’ar-laget i pulja. 1. og 2. plass ser ut til å vera vanskeleg å gjera noko med, 2’ar-laga til Hinna og Vaulen satsar stertk på opprykk.
Mange gode namn på blokka vår til denne kampen, og sjølvsagt noko fråfall. Nokre har trent godt siste del av sommaren, mens andre har mange andre ballar i lufta og ikkje fått så mykje fotballkontakt. read more…
Protokoll frå styremøte Suldal IL 22.06.2022
God onsdag!
Her kjem protokoll frå det siste styremøte i Suldal IL, som var onsdag 22.juni 2022. Ein kan rapportera om mykje aktivitet og mykje gode bidrag og dugnadsinnsats til laget denne våren! Me vil takka for innsatsen så langt i år og så gler me oss til fleire aktivitetar og arrangement til hausten att! Med ynskjer om ein god sommar til alle!
6 divisjon avd 3 Hinna 2 8-2 Suldal
Til denne kampen hadde me fått forfall dagen før, men fekk heldigvis henta inn ein gammal kriger i Sigvart Vårvik. Det skulle vise seg at me måtte bruke han meir enn han hadde tenkt, for me kom skikkelig på tannkjøttet utover i kampen mot Hinna 2. read more…
6 div avd 3 Storhaug 2-3 Suldal
Etter den famøse opptrednen mot Hjelmeland var me igjen klar for bortekamp. Denne gong var motstander, Storhaug som me allerede tidligere i sesongen hadde møtt og delt poeng med.
6 div avd 3 Hjelmeland 7-2 Suldal
Aftenbladet henvendte seg til oss før kampen mellom Hjelmeland og Suldal der de kunne fortelle at de ønska å sende denne kampen på direkten med kommentator og heile greia. Dermed skulle tonen og rammene var satt før kampen.
Før denne kampen kom me frå eitt heiderleg, men surt tap mot Vaulen 2 i ein kamp der me viste oss frå vår beste side deffensivt. Suldal har sluppet inn altfor mange mål denne sesongen, så kampen mot Vaulen 2 var ein opptur og me kunne ta med oss mykje positivt frå denne kampen inn mot oppgjeret mot Hjelmeland. read more…
6. div: Suldal – Vaulen 2
Topplaget Vaulen 2 var gjester i Prestavikjo i dag. Dei har vunne alle sine seks kampar før dagens dyst. Suldal er skadeskotne, men stilte likevel med eit lag som nesten braut sigersrekka til gjestene.
Tidleg kampstart var ønskjeleg, for det var visst ein konsert med eit ungt, fremadstormande band som berre skulle spela i nått og i går nått som skulle rekkast i Stavanger. read more…
6. div: Suldal – Fiskå 4-4
Nyopprykka og nystarta Fiskå frå Strandalandet gjesta Prestavikjo på Kr. Himmelfartsdag.
Sidan referent og trenar ikkje var til stades, så har dette gått i litt i gløymeboka, og det er ikkje så mykje observasjonar å komma med. Det kan meldast om ein tøff kamp, der bortelaget viste kanskje litt i overkant igjen både i taklingar og språkbruk, men det er nå vaksenfotball me spelar. Me tåler litt. read more…
Løpsesongen 2022 er godt i gang
Snøen har smelta, skia er lagt vekk for ei stund og joggeskoa er komen på beina. Idrettslaga i regionen: Hjelmeland IL, Sauda IL og Vindafjord IL har alle arrangert fleire flotte og kjekke løp i vår, og Suldal IL har vore representert med store og små deltakarar. Her er ei oversikt:

Her frå Ølmedal Rundt 2022