
Kleivane Kraft AS gir kr 20.000,- til Prosjekt Prestavikjo!

Kraftprodusentane i bygda trør verkeleg til. Denne gong er det Kleivane Kraft AS som støttar med gode 20.000 kr.
Kleivane Kraft AS eig Kleivane kraftverk. Dette er eit kraftverk som ligg i Mo i Suldal, og utnyttar fallet på 199 meter i Mosåno, den som renn ned frå Mosvatnet ved Gullingen, for dei som ikkje er lommakjent. Wikipedia spriker i eigen fakta, dei opplyser om innstallert effekt på frå 750 kW til 1 MW.
Kanskje på sin plass med ein liten fysikktime her: 750 kW = 750.000 watt. 1MW = 1 megawatt = 1.000.000 watt. Enklare sagt: Innstallert effekt om lag 750-1000 kW. Årsproduksjon er oppgitt til mellom 2,6 GWh – 3,9 GWh. 1 GWh er det same som at ein bruker ein milliard watt i ein time. Når ein så samanliknar kapasiteten til ulike kraftverk, så er det dette talet ein må sjå på. Til samanlikning har Kvilldal kraftverk ein årleg produksjon på 3131 GWh…
Støtta me får frå Kleivane Kraft AS er ekstra imponerande når ein veit at dei har vore ute av drift i mange av dei beste produksjonsmånadane med best kraftpris grunna lynnedslag. Heldigvis er dei oppe og går igjen.
Tusen takk for støtta!
Ølen Betong støttar Prosjekt Prestavikjo med rabattar på kr 40.000!

Ein del av Prosjekt Prestavikjo er ein ny tribune som skal plasserast i skråninga mellom fotballbanen og samfunnshuset. Dette vil Ølen Betong bidra til at me får til, noko me set stor pris på!
Tribuna skal plasserast på eit platå, og det må fundamenterast mot skråninga bak. Til dette skal det brukast betong-legoklossar. Desse har Suldal IL fått svært god pris på av Ølen Betong, slik at det vil tilsvara ein rabatt på kr 40.000 eksl. mva. i innkjøp. Det svarar til kr 50.000,- om det skulle vore rein kontantstøtte.
Ølen Betong kjenner nok dei fleste til som både lokalt, regionalt og nasjonalt firma. Hovudkontoret ligg sjølvsagt i Ølensvåg, mens dei her i Suldal har halde til i Mo sidan dei tok over anlegget her i 2012. Ølen Betong driv innan fire divisjonar; ferdigbetong, betongvarer, element og logistikk. Avdelinga i Suldal driv med ferdigbetong.
Firmaet er eit av dei største i Noreg innan betong og betongvareproduksjon og blei etablert i 1974. Neste år er det altså tid for 50-årsjubileum! Det er mykje interessant lesing om bedrifta si historie på heimesida deira. Der kan ein også lesa meir om kva dei driv med på https://www.olenbetong.no/ .
I 2019 arrangerte Ølen Betong avdeling Suldal open dag, og der var det mange kjente fjes og sjå på bilda. Ta ein kikk på reportasjen her.
Tusen takk for støtta, Ølen Betong! Kjekt å få dykk med på laget.
Eit bilde frå den opne dagen i Mo. Bilde og kjelde: olenbetong.no

6. div avd 3: Fiskå – Suldal 2-0

Endelig ruller den runde kula rundt på ulike baner i norges land. Likevel er våre auger retta mot 6 divisjon avdeling 3 der Suldal sitt herrelag held til. Før denne sesongen hadde Ørjan teke ansvaret for laget med Jone som assistent. Ørjan skal var spelande trenar, men halde seg mest på sidelinja slik underteikna har forstått det ut frå treningskampane i vinter. Jone skal i hovudsak vere spelar, men var ei støtte i ulike avgjerslar rundt laget.
Til denne sesongen har det også blitt gjort tre gode signeringar i Jonas som kom frå 4 divisjonsklubben Hundvåg, Sveinung som kjem frå Jelsa, men spela sist i Norheimsund og Atle som er resignert frå Sauda. I tillegg er det fleire unggutar som har trena med laget i vinter og som er klar til å bidra. Marius som er son av tidlegare stoppar, Tor Arne, Sindre frå Suldalsosen. Sist av debutantar til seriåpningen var Isak Berakvam.
read more…Terminlister Suldalsserien 2023

IL Sand arrangerer serie og cup i år. Nå er terminlistene for serien klare. Første serieomgang er 4. mai.
Kampane for kvart lag vil bli lagt inn i Spond etter kvart. Då får ein varsel om kampane, og kan melda seg av dersom ein ikkje kan stilla. Det vil nok bli ei Spond-gruppe for kvart lag. Dette kjem etter kvart.
Her er terminlistene:
Trengingskamp jenter 11-12 år: Sauda – Suldal
Det er ikkje så ofte jentene får spela saman. Derfor var det lett å takka ja då Sauda inviterte til treningskamp for deira nyoppstarta J11-lag.
Me reiste inn med fire 11- og fire 12-åringar laurdag 15. april. For nokon var det første gong dei spelte på eit reint jentelag, for andre var det første gong dei spelte på 7’ar-bane, så noko spenning var det nok i forkant.
Likevel kom Suldal godt i gong, og var laget som hadde ballen mest i starten, det var ikkje langt i frå at me tok leiinga. Det var derimot Sauda som skulle få det første målet og gjekk opp til 1-0. Så følgde laga kvarandre som skuggar resten av kampen. Suldal utlikna og gjekk opp i leiinga 2-1, før Sauda igjen utlikna. Hugsar ikkje i farten om det var Suldal eller Sauda som gjekk opp til 3-2, men den leiinga blei raskt utlikna. Då me hadde spelt 57 av 60 minutt stod det framleis 4-4. Om underteikna ikkje er heilt objektiv, så meinar han likevel at Suldal var laget som då hadde størst sjansar til å få vinnarmålet. Slik gjekk det ikkje. Ei saudajente la ut på eit dribleraid som førte til leiing rett før slutt. Då var det alle jenter i angrep for vår del, og eit siste kontringsmål i mot kom heilt på tampen. slik at det blei 6-4 til vertane.
Uansett ein veldig spennande og jamnspelt kamp der alle jentene fekk vist seg fram med god innsats og til tider godt spel. Med berre åtte spelarar, blei det mykje speletid på alle. Saudajentene var så mange at dei hadde to fulle lag, og kunne setta utpå utkvilte spelarar i 2. omgang. Dei fekk ei god gjennomkøyring før dei skal debutera i J11-serien til fotballkretsen tysdag.
Etter kampen inviterte Sauda på pizza i klubbhuset, før me svinga heimover.

Revansje for ivrig-gjengen mot Ølen: Suldal – Ølen 9-4
Onsdag 12.mars var det klart for ny treningskamp mot Ølen for 11- og 12åringane som deltar på ivrigtreninga.
Etter to kjappe mål imot i åpningsminutta, bretta spelarane opp ermane og tok ut sitt potensial: Full innsats, tøffe taklingar og godt samspel, som resulterte i at resultatet vart snudd til 4-3 ved pause. Dette gode spelet fortsette i 2.omgang, godt hjulpne av ein entusiastisk tilhengerskare på sidelinja, og kampen enda til slutt med 9-4 seier.
Mykje idrettsglede og godt samhald i gjengen, og gode tilbakemeldingar også frå motstandardlaget som gjerne ville gjere desse treningskampane til ein tradisjon framover.»
Klikk deg inn i saka for å sjå nokre halvgode bilde. Trenaren Aslak var meir opptatt av å huja enn å fotografera…
read more…Treningskamp: Suldal a-lag – Norsk Stein All Stars 7-1
Det går mot påske og a-laget innleier høgtida med treningshelg.


Lørdag var det klart for treningskamp mot eit lag samansett av suldøler som sporty stilte opp for å gi a-laget kamp. Prestavikjo viste seg frå si beste side med sol, glimrande forhold og like grøn matte som alltid. Mange tilskodarar og rein hosianna-stemning både på og utanfor banen, som seg hør og bør ei palmehelg. Spelet bar preg av ein viss nivåforskjell, og det skulle vel berre mangle. På eine sida eit nykomponert lag, for anledninga i kvitt, med ein mix av spelarar i alle aldre, heilt ned til ungdomsskulealder. Unggutane Emil, Aksel og Rasmus gjorde ein god figur for kvittrøyene og spesielt sistnemnde som tok jobben med å vokte målet og som hadde fleire gode inngrep.
På andre sida Suldal som har ein god treningsvinter bak seg, og som hadde sin siste kamp før det verkeleg brakar laus om eit par veker med seriespel. Etter kvart i kampen fekk Suldal hol på byllen og det vart til slutt sju mål, og det burde nok vore fleire. Verdt å nemne av måla er Ørjan si frisparkperle mot slutten og Håvard sitt velplasserte skot i lengste etter ein finurlig assist frå Atle (skot som gjekk bakover i banen).
(Sidan referenten er ny i a-lagstroppen, bør administrator trø til og redda han: Jone putta visstnok to mål, og nåde den som gløymer å referea at han skårar! Me kan og nemna at i dagens lag er det fleire nye fjes: Nemnde Sveinung Nessa er Jelsabu og herja på midtbanen deira i seniorserien i kommunen i fjor. Han har tidlegare spelt seniorfotball for Norheimsund. Med seg frå Jelsa har han Marius Sigstad. Han har mange år bak seg i Suldalsgutane. Isak Berekvam Steine frå Nesflaten var også med på Suldalsgutane. Atle Mehus kjem frå Sauda, og er ein gammal kjenning. Han skulle spelt for Suldal i 2020, men korona sette stoppar for den sesongen. I fjor spelte han for moderklubben Sauda, men dei stiller ikkje lag i år. Med slek i Vik er han nesten som suldøl å rekna, og ein solid forsterking for oss.)
Bakerst for Suldal kontrollerte ein trear beståande av Tom, Ingve og Torjus med ro og mange fine ballar framover i banen. Det vart likevel eit mål til «gjestane» mot slutten. Pål Erik Jelsa Landsnes viste gamle kunster og ekspederte med stoisk ro ein ball i mål frå corner. 7-1, og med det resultatet kan Suldalsspelarane snart trygt sprette påskeegget og lade batteria til seriestart.
Referent: Sveinung Nessa.

Ivrigtrening 11-12 år har spelt treningskamp.

Torsdag 30.mars reiste ein god gjeng med 11- og 12-åringar som deltar på Ivrigtreninga til Ølen for å spele treningskamp. Det vart eit tøft møte mot eit svært godt Ølenslag som til vanleg spelar i kretsserien. Etter ein litt nervøs start på kampen, vaks spelarane etterkvart med oppgåva, og i 2.omgang ga dei Ølen svært godt motstand. Det enda til slutt med 9-2 tap, men det var likevel god stemning og mange lovord på heimturen.
Takk til Ølen IL for at me fekk til dette!
Utmerkingar for framifrå idrettsprestasjonar

Satsing, tålmod og trening gir resultat
Suldal idrettslag har gjennom konkurransesesongen 2022/2023 hatt mykje god aktivitet der fleire utøvarar har vist gode prestasjonar. To utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking i årsmøtet, og det vart ekstra trukke fram at dei to er med på å skape godt miljø, samhald og lag i skigruppa frå dei yngste til dei eldste.
Øyvind Røgenes får si tildeling grunna krinsmeister 2022, men prestasjonane hans i langløp står vel så høgt. Han har nå trappa ned treningsomfanget, men den avtroppande gruppeleiaren for ski, Per Even Tjøstheim, trakk fram at: ja, han har gått fort på ski i år etter år, men samstundes har han teke seg tid til å vera med på treningar og samlingar for dei yngre. Dette vert lagt merke til, og har gitt merkbare positive ringverknadar i skigruppa.
Simon Bakka er «up and comming» og vart i tillegg til dobbelt krinsmeister 2023, vinnar av krinscupen i Agder og Rogaland skikreins 2022/2023. I cupen inngår totalt seks skirenn, og dei fire beste resultata vert teljande.
Dei to karane fekk sine utmerkingar i årsmøtet i går.
Simon Bakka
Årsmøtet grunngir tildelinga med at Simon Bakka vart dobbel krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i klassisk distanse og sprint fristil (G13).
Øyvind Røgenes
Årsmøtet grunngir tildelinga med at Øyvind Røgenes vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i 15km klassisk, Menn senior.
Kr 50.000,- frå Stråpa Kraft AS til Prestavikjo!

Før helga kom det ny, kraftfull melding om støtte til Prosjekt Prestavikjo, denne gong frå Stråpa Kraft AS.
Heile 50.000,- kroner kjem frå kraftprodusenten til nærmiljø- og fleiridrettsanelgget me håpar på komma i gong med før sommaren. Det er skrive før, men me skriv det igjen: Veldig kjekt med lokal støtte og ser nytta av å legga til rette for aktivitet og møtestad.
Stråpa Kraft AS eig Stråpa kraftverk som nyttar fallet på 456 eller 457 meter i Stråpaåno. Kraftverket nyttar peltonturbin, og har generator på 4,4 MW. Årsproduksjonen sprikar i følge Wikipedia.no mellom 9,6-13,5 GWh.
Tusen takk for støtta!