Gunntveitåsen 414 moh.

Oppi lia bak Billaget ligg Gunntveitåsen. Ein fin tur ein ettermiddag, eller første post på vegen opp til Vinjanuten.

På toppen av kollen ligg boka for Gunntveitåsen.

På toppen av kollen ligg boka for Gunntveitåsen.

 

Første del av vegen går på skogsveg forbi den gamle skeisearenaen Tjødnarebotn.

Første del av vegen går på skogsveg forbi den gamle skeisearenaen Tjødnarebotn.

Turen startar som nemnd frå Billaget. Føl skogsvegen som går opp forbi Tjødnarebotn, omkransa av blandingsskog, ta av og gå så vidare på merka sti. Her kan du ta ein kortare tur over høgdedraget til Litlehaga om du ikkje vil skrive deg i boka denne dagen.

Ruta går vidare gjennom skog, over myr, barnåler og opp knausar. Fleire stadar kjem det nye stiar inn, så for lommakjende er det nok både snarvegar og andre stadar å starte turen frå enn frå Bilane.

Vegen er noko bratt, så det kan passe seg for mange å ta ein pause når skogen opnar seg og ein frampå eit berg frå høve til å nyte utsikten mot Stråpa og Stråpanuten.

For nokre har det gjerne gått tjue minutt når ein enten kryp under eit tre som har ramla over stien eller går rundt det, for andre kan klokka ha gått dobbelt så langt. Uansett så kjem ein nå fram til boksen med boka oppå ein kolle.

Utsikt mot Stråpa.

Utsikt mot Stråpa.

Typisk terreng på denne turen.

Typisk terreng på denne turen.

Her går 5-7oo kvart år for å skrive seg inn i boka. Nokon har det som fast treningsrute, mens andre er meir sporadiske. Uansett har ein godt over 300 høgdemeter bak seg når ein fører seg inn.

Så er spørsmålet; kva nå? Du kan gå same vegen heim, gå over myrane til kraftvegen frå Veka, ned igjen og over til Litlehaga, eller du kan vende nasen opp liane og gå til Fisketjønsvardane og Vinjanuten.

Høgdeprofil for Gunntveitåsen. Klikk eit par gonger for stor versjon.